Marianne Svare og Jens Erik Roteigen er opptekne av at det skal vere enkelt for kundane – anten prosjektet er stort eller lite.

«Ola og Kari» svingar hammaren som aldri før

2020 er det store oppussingsåret. Det har også byggeserviceavdelingane til Montér fått merke.

SPONSET INNHOLD

Tekst: Marknadsavdelinga i Hallingdølen
Foto: Hallingdølen

– Her har det vore full trøkk og vel så det, understrekar dagleg leiar ved Montér på Nesbyen, Olav Sverre Olsen.
Olsen er i godt selskap. Alle byggeservice-avdelingane til dei fem Montér-butikkane i Hallingdal fortel om hektiske månader. Pågangen har vore stor. Kundane vil ha hjelp til små og store byggeprosjekt.

Sigbjørn Haugo har fått god hjelp av byggeservice-avdelinga til Montér på Gol. – Utan dei ville det ikkje stått nokon garasje her i dag, fortel han.

KNALLHARDT
– Dei tilsette har jobba knallhardt. Dei har stått på seint og tidleg. Men det er slik me vil ha det. Det skal svinge, smiler dagleg leiar ved Montér på Gol, Marianne Svare, og får eit samtykkande nikk av Jens Erik Roteigen som er dagleg leiar ved Montér i Hemsedal.

HAR BYGD SJØL
Mange har brukt dette året til oppussing, eller til mindre byggeprosjekt. Ein av dei er Sigbjørn Haugo frå Gol. Den 50 kvadratmeter store garasjen er på det næraste ferdig. Bygginga har han stått for sjølv, med litt hjelp frå faren og kona.

– Eg hadde ein viss idé om korleis garasjen skulle sjå ut. Men det var alt. Utan hjelp frå byggeservice-avdelinga på Gol, hadde det ikkje stått nokon garasje her i dag, understrekar Haugo som til dagleg jobbar som systemoperatør på Sea King-helikoptera i redningstenesta.

Haugo hadde inga peiling på korleis han skulle gå fram. Byggeserviceavdelinga og rådgjevar Nils Kristian Brenna vart redninga.

– Eg hadde ikkje bygd noko før. Var fullstendig blank og måtte spørje om det meste. Alt frå val av varer, det praktiske rundt bygginga, dimensjonering, byggetekniske krav. Men det har gått utruleg greitt. No ser eg slutten på arbeidet.

Montér har i fleire år hatt eigne byggeservice-avdelingar. Dette har vore ein bevisst strategi. Byggevarekjeda vil tilby meir enn berre sal av byggevarer. Poenget er å ta seg av kunden frå idé til ferdig utført arbeid.

Skal du pusse opp, setje opp ein garasje eller eit påbygg – byggeservice-avdelingane står til hjelp. Det kan vere til teikningar, planløysingar, korleis jobben bør utførast, materialval og materialmengde, eller hjelp til å finne ein handverkar dersom du ikkje vil gjere jobben sjølv. I tillegg tilbyr Montér heimkøyring av varer.

– Målet er å gjere det så enkelt som råd for kundane uavhengig av om prosjektet er stort eller lite, fortel Svare og listar opp fleire Montér-tilbod;

– Kjøkkenkonsulentane kan kome med tips, teikne planløysingar og hjelpe til med val av kjøkken. Og skulle du ha behov for å sjekke taket, kan du få gratis taksjekk og hjelp til å finne ein handverkar.

KUNDERELASJONAR
Kollega Jens Erik Roteigen i Hemsedal er overtydd om at byggeservice-avdelingane er viktige for å bygge gode kunderelasjonar.

– Me kjem tettare på kundane. Me blir betre kjende. Tilliten blir større. Dermed blir både kundane og me som sel byggevarer tryggare på vala som skal gjerast. Det er ei god kjensle for begge partar.

Roteigen trekkjer også fram hyttemarknaden. Den har tatt fullstendig av i år.

LANDETS STØRSTE HYTTEREGION
Hallingdal med sine 20000 hytter er landets største hytteregion. Og veksten held fram – i alle kommunane. Hyttemarknaden er viktig for byggevarebransjen i Hallingdal, understrekar Roteigen og legg til;

– Mange brukar hyttene meir enn før. Behovet for renovering og standardheving blir større. Dessutan – mange vil ha noko å pusle med når dei er på hytta. Det vere seg vedlikehald, oppgradering, eller kanskje setje opp eit påbygg.

Sigbjørn Haugo er snart ferdig med garasjen. No er han klar for nye prosjekt. Bustadhuset frå 1970-talet skal totalrenoverast.

– Nøkkelen ligg i å ha eit kontaktpunkt som kan rettleie å kome med råd. Ein person du kan stole på. Det har eg hjå Montér. Eg vågar å gjere meir av arbeidet sjølv. Dermed blir byggekostnadene mindre. Å nytte seg av byggeservice-tilbodet er kort og godt god butikk, fastslår hobbybyggaren og systemoperatøren frå Gol.

Fakta MONTÉR

  • Montér er eit kjedebedrift for byggevarer.
  • Montér er eigd av Optimera AS, Norges største byggevarekjede
  • Montér har 138 byggevarehus i Norge med varer for gjer-det-sjølv-marknaden, byggmeistrar og handverkarar
  • Montér har fem utsal i Hallingdal; Geilo, Ål, Gol, Hemsedal og Nes
  • Montér-kjeda vart etablert i Norge i 2001

Fakta OPTIMERA

  • Optimera er Norges største aktør innan sal og distribusjon av byggevarer, trelast og interiør.
  • Optimera har 200 utsalsstader, 2000 tilsette og hadde 12 milliardar kroner i omsetnad i 2019.
  • Desse ligg inn under Optimera; Optimera Proff, Optimera Handel, Optimera Logistikk, Optimera Byggsystemer, Hansmark og Montér.
  • Optimera er del av Dahl Optimera Norge som er eigd av det franske konsernet Saint-Gobain. Konsernet har meir enn 180.000 medarbeidarar i 68 land og er Europas største distributør av byggevarer.
Kjelde: Optimera

SKREVET PÅ OPPDRAG FOR