Lefseklingen vidare i Årets bakst 2020

 Me som kjenner lefseklingen veit han er god! No har fleire oppdaga det.

Det Norske Måltid kårar kvart år dei beste smakane. I år er lefseklingen til Leveld Lefsebakeri med i kategorien Årets bakst og blant dei åtte som er plukka ut til delfinale. Vinnaren blir kåra i februar.

Bakst i særklasse

Dei er bakstekjeringar, kulturarbeidarar – og har det kjekt i lag!

SPONSET INNHOLD

Tekst: Marknadsavdelinga i Hallingdølen
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Kanskje er det oppskrifta på 33 års bakstesuksess i Leveld. Ikkje berre går det unna når ni bakstekjeringar er i sving i lokalet til Leveld Lefsebakeri. Dei har det også moro!

– Skal det bli sving på sakene, må ein trivast, slår Grethe Bjerke fast.

Ho leiar staben i bakeriet. Gamal som ung. Og nettopp det er eit poeng: Her er veteranar, som har runda pensjonsalder og kan bakstekunsten, side om side med yngre som tek tradisjonen vidare.

«Lokalt og laga for hand.»

– Det var også noko av motivasjonen då Leveld lefsebakeri starta i 1987. Å berge den lokale bakstetradisjonen, og ta han vidare til nye generasjonar, fortel Bjerke.

Det var Sissel Gurigard, Ågot Bergaplass og Ragnhild Luksengard som starta det heile. Dei var alle 60-årsalderen. Gründerane skulle berre visst den gongen, at bakeriet 33 år seinare er ein sikker arbeidsplass for over 10 personar, kulturpris-
vinnar og leverandør av kvalitetsbakst ikkje berre i Hallingdal, men over store deler av Austlandet – ja, også på Vestlandet!

Kjevlene rullar, takkene steiker. Smørkniven går i taktfast dans over lefseklingen. Dette er handverk. Eit imponerande samspel. Av slikt blir det bakst i særklasse.

Med stive musklar blir det ikkje god bakst!

Lefsebakst er ekte handverk. Det veit damene i bakeriet. Når klokka passerer halv 12, let dei kjevlene ligge, det er tid for musikk. Til friske rytmar får musklar og ledd sin daglege trim. – Det er heilt nødvendig. Trimmen sluntrar me ikkje unna, slår Grethe Bjerke fast.

Leveld Lefsebakeri fekk Ål kommunes kulturpris i 2019

«Det er ei historie om gründerverksemd, det er ei historie om stå-på-vilje og usvikeleg tru på eige produkt, det er ei historie om å erkjenne at også tradisjonar knytt til mat har ein verdi og deretter ta ansvar for at dei vert teke vare på.»

I over 100 butikkar

Du finn Leveld Lefsebakeri-produkt i alle butikkane i Hallingdal. Og det stoppar ikkje der. Du kan kjøpe småmat og lefsekling i butikkar i Oslo- og Drammen-området – og på Vestlandet. Få full oversikt på leveldlefsebakeri.no

Viss du virkeleg vil fornærme ein halling, kallar du småmat for suppe. Men småmat er ikkje suppe, det er festmat i Hallingdal. Og sjølvsagt med lefsekling til.

SKRIVE PÅ OPPDRAG FOR


Kanskje du også liker disse?