Lærlingar – ein ressurs

Nittenåringane Sindre Biksrud og Anders Rese har snart fullført den fireårige utdanninga til bilmekanikar. Først Vg2 Kjøretøy i to år på Ål vidaregåande skole, og deretter to år læretid hos Bilia på Gol. Til våren tar dei fagprøva; den er dei trygge på å greie – både teori- og praksisdelen.

SPONSET INNHOLD

Tekst og foto: Knut Erik Jetlund

Unge og lovande: -Sindre Biksrud (t.v.) og Anders Rese er snart fullgode mekanikarar, seier Tor Olav Sortebråten.

Plassjef Gunnar-Jan Holsen er like trygg.

– Sindre og Anders er dyktige og absolutt ein ressurs hos oss. Me har hatt fast lærlingavtale gjennom fleire år, og erfaringane er berre gode frå tidlegare også. Me plukkar ut kandidatane etter fleire intervjurundar, fortel han og legg til at bilforhandlarane også må kjempe seg imellom; alle er avhengige av rekruttering og vil ha dei beste .

Sindre har alltid vore bestemt på kva han skulle bli. For Anders kom yrkesvalet litt etter kvart. Ingen av dei har angra, forsikrar begge to. Er du teknisk interessert, finst det knapt noko meir spennande og variert yrke. Dei veit også at det er mogleg å vidareutdanne seg på høgare nivå, om det freistar.

Tor Olav Sortebråten, vegleiaren deira hos Bilia, kan underskrive på at mekanikarfaget ikkje står stille. 

– Utviklinga går raskare enn nokon gong. Derfor må du som bilmekanikar, vera i ein kontinuerleg læringsprosess gjennom heile karrieren. Du deltar på alle tekniske kurs som merkeforhandlaren arrangerer, fortel han og kjem inn på kva el-drift byr på av utfordringar for dei unge og ambisiøse. Til dømes at batteri på heile 400 volt er drivkrafta.

– Det handlar om tryggleik på høgt nivå og illustrerer kor viktig det er at dagens og framtidas reparatørar kan faget sitt. Derfor er det avgjerande å få inn dyktige lærlingar, som blir verande hos oss, seier Tor Olav. Den populære vegleiaren begynte sjølv på Bilia Gol som tjueåring – i 2000.

Vegleiar og lærlingar: Dei trivst i lag, Sindre Biksrud (t.v.), Tor Olav Sortebråten og Anders Rese.

«Derfor må du som bilmekanikar, vera i ein kontinuerleg læringsprosess gjennom heile karrieren, …» Tor Olav Sortebråten

SKREVET PÅ OPPDRAG FOR