Hendug utviklar sentrumsnært bustadfelt på Ål

Ålingar og tilflyttarar som vil bygge seg bustad sentralt på Ål i familievenlege omgivnader kan no sikre seg tomter i Haugen Tomtefelt. Samstundes som Hendug Bygg aukar si satsing i bustadmarknaden gjennom Nordbohus Hallingdal, sett dei også i gang med utvikling av sentrumsnære bustadtomter i Haugen Tomtefelt på Ål med byggeklare tomter sommaren 2017.

SPONSET INNHOLD

Tekst og foto: Morten Gjeldokk

Sentrumsnære tomter for einebustader er mangelvare på Ål, men dette vil Hendug bøte på ved å utvikle Haugen Tomtefelt. «Rykta om utvikling av området har alt spreidd seg, og fleire interessentar har vore i kontakt med oss», seier ansvarleg prosjektleiar i Hendug, Halgeir Viken.

Sentrumsnært, trygt og familievenleg

«Området vil høve godt for barnefamiliar som vil bygge sin fyrste bustad og godt vaksne som vil bygge bustad tilpassa endra behov», meiner Viken.

Tomtefeltet har god plassering ikkje langt unna Sundre og der det skjer på Ål, blant anna skuleområdet med sykkelpark og idrettshall, Ål Kulturhus og Hallingdal Feriepark. Samstundes ligg feltet i eit stille område tett på naturen med tilgang til skiløype, sykkel- og turstigar, og elva med moglegheit for fiske, padling og badeplass.

Betra samferdsel aust- og vestover, regionale satsingar innan helse, beredskap og kultur, og at Ål er ei trygg kommune å bu i med sjukestugu, luftambulanse og satsing på velferdsteknologi, meiner Viken på sikt vil kunne føre til auka tilflytting og at tidlegare ålingar flyttar attende til bygda. Då er det viktig å kunne tilby byggeklare bustadtomter.

Nærare skule og Sundre

Med føringane som ligg i revidert kommunedelplanen, så vil ein få fleire avkortingar og overgangar som knyter Haugen Tomtefelt tettare til skuleområdet og Sundre.

Gang- og sykkelveg gjennom eksisterande kulvert under jernbanen over til Hallingdal Feriepark og vidare over Riksveg 7 mot skula vil gje ein kort og trygg skuleveg.

Samanskøyting av Sutøyvegen og Strandalivegen vil korte ned vegen til Sundre for køyrande, og gangveg frå Hallingdal Feriepark til stasjonsbrua vil korte ned Sundre-turen for mjuke trafikantar.

Lokal utbyggjar

«Me har fått positive tilbakemeldingar på at det er ein lokal og solid utbyggar med kortreist arbeidskraft som står bak utviklinga», seier Viken, «men det vert sjølvsagt spennande å sjå responsen no når tomtene er lagt ut for sal.»

Haugen Tomtefelt vil ha 10 byggeklare tomter sommaren 2017.

 

HENDUG BYGG AS

  • Hendug: «flink med hendene, praktisk, (nett)hendt ein h- kar»
  • 25 tilsette og eigd av dei tilsette
  • Kontor, lager og produksjonshall på Ål
  • Eig og driv Nordbohus Hallingdal

HAUGEN TOMTEFELT AS

  • Eigd av Hendug Bygg AS
  • Regulert for 22 tomter
  • Trinn 1 vil klargjera 10 tomter for bygging våren 2017
  • Storleik på tomtene frå 0,9 – 1,7 daa

SKREVET PÅ OPPDRAG FOR