Hendug satsar på bustadmarknaden i Hallingdal

Hendug Bygg AS utvidar sitt virke og vart frå 1. januar 2016 forhandlar av Nordbohus for alle kommunane i Hallingdal. Satsinga vert gjort under merkevara Nordbohus Hallingdal med mål om å auke engasjementet til Hendug i bustadmarknaden i Hallingdal.

SPONSET INNHOLD

Tekst og foto: Morten Gjeldokk

80 – 90% av Hendug sin kapasitet har gått til hyttebygging siste åra og dei meiner at tida er inne, og at det er plass og behov, for at ein gjennom Nordbohus Hallingdal kan auke sitt virke i bustadmarknaden i Hallingdal.

Hendug skal framleis ha fokus på det dei er gode på; bygging av arkitektteikna hus og hytter, så Nordbohus Hallingdal vil bli eit supplement til den totale verksemda.

Hendug meiner det er eit generelt behov for nye bustader som følgjer nye krav til byggteknikk, miljø/ energi og funksjonelle behov relatert til livssituasjon. I tillegg har ein tru på at Hallingdal på sikt vil tiltrekke seg nye hallingar basert på gjennomførte og planlagde samferdselstiltak som gjer at Hallingdal kjem nærare både aust og vest, og vert meir attraktiv for dei som vil bygge og bu i dalen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

NYTT HUS: Thomas Skarpås (t.h.) og Vegard Evjen (kune og eigar) ved nyoppsatt Aurorahus i Kolbotn-feltet.

Lokal arbeidskraft

Hendug hadde ved nyttår 25 tilsette og planen er at ein skal bygge opp eigne team som berre skal jobbe med Nordbohus og som skal vera god på dette. Desse vil bli leia og styrt av Thomas Skarpås som vil vera ansvarleg byggeleiar for Nordbohus-prosjekta. Rekruttering til teama vil skje internt frå den solide arbeidstokken til Hendug, men ein er også på jakt for å rekruttere ny lokal og hendug arbeidskraft til satsinga.

Nordbohus Hallingdal vil bruke lokal og kortreist arbeidskraft, samarbeidspartnarar og materiale når dette er hensiktsmessig, men riktig kvalitet og pris er sjølvsagt viktig. «Me får respons frå eksisterande kundar at dei sett pris på å forhalde seg til lokale leverandørar både i planleggings- og byggeperioden, og ikkje minst at dei veit at me er der og er tilgjengeleg etter at bustaden er ferdigstilt om det skulle vera behov for bistand til forbetringar eller utbetringar», seier dagleg leiar Morten Gjeldokk.

Bygd for å vare

Nordbohus Hallingdal tilbyr kataloghus, fleirmannsbustader og garasjar basert på Nordbohus sin omfangsrike katalog. Nordbohusa vert tilpassa etter både tomta kunden har valt og dei behova kunden måtte ha, og skil seg derfor vesentleg i frå ferdighus-leverandørar der utforminga i stor grad er låst.

«Me ser det som eit stort fortrinn at Nordbohus er framover lent både når det gjeld produktutvikling og kvalitetssikring med eit byggesystem som vert kontinuerleg oppdatert med omsyn til gjeldande lover og standardar», meiner Gjeldokk, «dessutan står Nordbohus sin misjon Bygd for å vare godt til Hendug sin misjon Me bygger med kvalitet og erfaring!».

På visning med virtual reality

Nordbohus er i tillegg leiande i marknaden på måten dei visualiserar og marknadsførar produkta sine på. Det er lagt store ressursar i den nye huskatalogen som kom i sommar og moglegheita til å gå på «visning» med Virtual Reality (VR)-briller gir kundane ein unik måte å gjera seg kjent med hustypane på. «Nordbohus er til no einaste aktør i marknaden med dette konseptet, og ein kjøpar kan altså koma innom oss på Trolløya og gå på visning i over 30 ulike hus utan å røre seg av flekken», seier Gjeldokk.

VR

Nordbohus har i tillegg nytta gyroscope-teknologi som gjer det mogleg å sjå alle hustypane på nettbrett eller mobil. Ein kan sitta heime hjå seg sjølv, velje det huset ein vil sjå på, og når ein beveger nettbrettet eller mobilen så ser ein seg rundt i huset.

Nordbohus Hallingdal vil også få sin eigen plass på nettet. Hendug, i samarbeid med Hallingdølen, er snart i mål med nye nettsider: www.nordbohushallingdal.no.

Kvifor bygge nytt?

«Største konkurrenten me ser i dag er brukthus-marknaden», seier Gjeldokk, «men me meiner det er mange fordelar ved å bygge nytt som bustadkjøparane må vera klar over», og nemner følgjande:

Låg dokumentavgift: Du betalar berre 2,5% dokumentavgift av tomteverdien- ikkje av heile kjøpesummen som ved kjøp av brukt bustad

Låg rente ved behov for finansiering: Lånerenta er låg og vil antakeleg vera låg lenge i følgje dei som har greie på det. Også moglegheit for tilskot og miljølån om ein strekker seg lenger med omsyn til energitiltak.

Ingen bodrunde: Du slepp hektiske bodrunder som kan auke prisen på bustaden. Du kjøper bustaden til fastsatt pris.

Ingen oppussing og låge driftskostnader: Alt er nytt og slik som du vil ha det! Du slepp uventa utgifter til oppussing og vedlikehald.

Låge bukostnader: Nye bustader er underlagt strenge krav til isolasjon og varmegjenvinning etter dei nyaste byggeforskriftene. Dette betyr energieffektive bustader som medfører låge kostnader til oppvarming.

Fem års reklamasjonsrett: Bustaden er bygd i forskriftsmessig stand. Du har fem års reklamasjonsrett på bustaden din.

Berre nytt er nytt! Det at ingen har budd i bustaden før deg, gir ein heilt spesiell følelse. Det er din heim, med ditt eige særpreg. 

www.hendug.no

FAKTA OM NORDBOHUS

Nordbohus har teknisk godkjenning frå Sintef Byggforsk på heile sitt Byggesystem

  • Om lag 60 forhandlarar over heile landet
  • Kjede-/ hovudkontor i Trondheim
  • Forhandlarane eig kjeda
  • Nordbohus var 3. største bustadaktør i 2015
    (kjelde: Boligprodusentenes foreining)
  • Nordbohus fekk 1. plass og hadde 5 forhandlarar blant dei 10 beste i
    Prognosesenterets kundetilfredsheitsundersøking i 2015

FAKTA OM HENDUG BYGG

  • Hendug: «flink med hendene, praktisk, (nett)hendt ein h-kar»
  • Etablert i 2012: Fusjon av Grøthe (etablert 1981)
    og Furulaft (etablert 1995)
  • Pr 1. januar 2016: 25 tilsette
  • Omsetning 2015: 39,7 mill
  • Driftsresultat 2015: 2,7 mill
  • Kontor, lager og produksjonshall: Trolløya, Ål
  • Eigd av dei tilsette

 

SKREVET PÅ OPPDRAG FOR


hendug-bygg